Endring i billettkjøp på ruter i Vest-Telemark

Frå 1. juli 2019 vil ikkje Telemark Bilruter drifte lokalbussar i Vest-Telemark. Ny operatør er Vy. Frå denne datoen vil det ikkje vera mogleg å kjøpe gjennomgåande billett mellom våre ekspressbussar og lokalbussane i Telemark.

Busser på bussholdeplass

Kundane vil fortsatt kunne reise med ekspressbussane som har forbindelse til lokalbussane, men må kjøpe billett for både ekspress og lokalbuss.

Eksempel på strekningar der det tidlegare har vore moglegheit for gjennomgåande billettering:


• Ekspressbuss til Seljord og lokalbuss vidare til Kviteseid - Vrådal - Fyresdal/Nissedal-Treungen og motsatt veg.
• Ekspressbuss til Åmot og lokalbuss vidare til Dalen/Haukeli/Rauland-Rjukan og motsatt veg.

Me anbefalar kundane våre å gjere fylgjande:


• Reiser du ei strekning der våre ekspressbussar går, så søk reise og kjøp billett på www.nor-way.no eller på bussen.
• Reiser du ei strekning der du må nytte både lokalbuss og vår ekspressbuss, så bruk nasjonal reiseplanleggar https://en-tur.no/ for å sjå reisestrekningane. Gå så inn på www.nor-way.no og kjøp billett for strekningen du reiser med ekspressbussane våre. Billett til lokalbuss kan mellom anna kjøpast på bussen.